Kystens dag i Bergen

Kystens dag vert også i år arrangert 9. juni. Hovudarrangementet er lagt til Bergen, og er kombinert med den tradisjonelle Torgdagen som i år blir arrangert for 30. gang. Det var Johannes Kleppevik og Rolf Berntsen som tok initiativet til Torgdagen i 1977, og i alle desse åra har arrangementet vore drive på dugnad. Det er ein honnør og heider til desse kystentusiastane at hovudmarkeringa for Kystens dag er lagt til Bergen i år.

Program for Torgdagen og Kystens dag i Bergen:

09.45: Felles innsegling av deltakande farty.
10.00: Tellnes Trio spelar opp, slik dei har gjort i 30 år!
10.20: Presentasjon av jubilerande buekorps: Sandvikens Bataljon, Nygaards Bataljon og Fjeldets Bataljon, alle 150 år!
10.30: Knarvik Gamaldanslag svingar seg.
10.30: Rutebåtane kjem og går til kai.
10.40: Formannen har ordet: Om 30 årsjubileet og ”Kystens Dag”.
10.45: Opning av Torgdagen og ”Kystens Dag” v/statssekretær Kari-Anne Opsal, Fiskeri- og kystdepartementet. Utdeling av ”Fyrtårnprisen”.
11.15: Torgsangen, allsong med Tellnes Trio og Sporveiskoret.
11.20 Sporveiskoret klemmer i veg.
11.35: Jimmy Øvredal/Villmarkens Sønn talar for seg sjølv.
11.45: Os Durspelsamskipnad føljer opp.
12.00: Tor Endresen og Bjørn Jensen med Ausekarene rundar av til pause.
12. 20: PAUSE frå scenen.
13.15: Steinslandsgjengen spelar opp.
13.30: Øystein Tellnes
13.45 Formannen om minnekonsert for Johannes Kleppevik.
13.50: Strilaringen tek ein svingom.
14.05: Sund Toradarklubb med gjester.
14.25: KORMIX syng ut.
14.40: Sotra Folkedanslag i vanleg fart.
14.55: Askøybeljen bles ut.
15.10: Åsalåten avsluttar dagen i kjend stil.
15.30: Premieutdeling for best restaurerte båt. Slutt.

~meir informasjon om Torgdagen og Kystens dag (pdf)
~ta «Dampen» til Torgdagen
~NIFES har 60 årsjubileum i år, og inviterer til åpent hus på Kystens dag.